MG MGB Roadster i 30år

Publisert av Lidvard Lundanes den 27.09.17. Oppdatert 29.11.17.

Dette var lenge før eg tilsette min eigen finansminister, (Les: Gifta meg….) så alle pengane eg tente var til eigen disposisjon.  Dette var lenge før Finn kom på lufta på internett så hvis du skulle skaffe deg nye køyregreier var det Aftenpostens annonsesider som måtte studerast.

Så en dag stod annonsa der: 1973 MG MGB Roadster til sals i Moss. En slik bil hadde ein kompis kjøpt året før, og eg var ein liten smule misunneleg.  Avtale vart gjort med seljaren og flybillett vart bestilt. Dette var lenge før Gardermoen opna, så flyet gikk til Fornebu. På flyplassen vart eg henta av seljaren i en splitter ny Lada(!)  Vi køyrde til Moss der MG’en stod til sals for kunde i ei bilforretning.

Bilen var matt i original lakken, hadde dårlig kalesje og absolutt ingen støtdemparvirkning på eine framhjulet, men den var heilt original og rustfri. Den som har kjørt en bil heilt utan støytdempar på eine sida framme veit at dette er en underleg oppleving. Treff du eit hol i vegen sluttar det eine framhjulet nesten aldri å sprette opp og ned….  

Det rustfrie karosseriet gjorde utslaget. Det blei handel og kr 52.000,- bytte eigar.  Dette var nokså dyrt den tida, men husk på at bilen då berre var 11år gamal (Like gamal den gongen som ein 2003 modell er i dag).

Turen heim gjekk fint utan problem av noko slag, og det er nettopp dette med driftssikkerheit som har prega denne bilen i alle dei 30åra eg no har eigd bilen. Den er driftssikker som en Toyota Corolla og fortsatt ein av dei rimeligaste biltypane som finns å vedlikehalde.

Eg har brukt bilen mykje heile tida. I alt har eg køyrt ca 120.000 km med den.  Bilen var som sagt berre 11 år gamal då eg kjøpte den. Det var altså ingen veteran, men eg snudde det døve øyret til når enkelte i klubben og på treff hevda at denne bilen var alt for ny til å vere med.  Det har vore viktig for meg og mitt forsette medlemsskap i klubben at eg fikk vere med i denne «nye» bilen.  Det bør vi tenke nøye over om det skulle dukke opp en ungdom med en 2003 Mazda MX5 på et av våre klubbarrangement i dag. Bilen min var faktisk ikke eldre i 1984 enn det en slik Mazda er i dag.

I løpet av et så langt eigarskap er det sjølvsagt enkelte hendingar som sit ekstra godt att i minnet.

I ein open veteranbil får du ei heilt anna nærleik til naturen enn i ei moderne hermetikkboks. Turar i flott ver over Hardangervidda og gamlevegen mellom Aurland og Lærdal er gode minner. Turar i Europa og over til kanaløya Jersey hugsar eg også godt. Greta Molanders æresløp som kartlesar for ein kvinneleg arbeidskollega er også eit godt minne.  Ei oppleving husker eg med litt meir blanda følelsar, det var då eg vart stoppa av politiet i Ålesund ei natt med 3 jenter pluss sjåfør i to-setaren.       Eg har også overnatta i passasjersetet på bilen langt ute på landsbygda i Frankrike, mens trailerane susa forbi med nokre centimeters klaring. Det vart lite søvn den natta. Det beste minnet er nok likevel at då eg og mi noverande (og første!) kone gifta oss, valde vi å gi privatsjåføren avspasering og køyrde  MGB  som bryllaupsbil.  Også på bryllaupsreisa vår brukte vi MGB’en.  Den turen gjekk til Dr. Holms hotell på Geilo i flott ver, men med temperaturar under frysepunktet på fjellet. Vi køyrde med kalesja nede og varme pledd over knea. På returen var Valdresflya stengt på grunn av snø og uver. Vi hadde sommardekk og lista oss heim via Dokka.

Etter bryllaupet gjekk det som det ofte gjer. Det «å skifte pakning» hadde plutseleg ikkje noko med bil å gjere, men derimot med å byte bleiar.  Bilen vart ståande i garasjen utan EU kontroll i fleire år. Med berre 2-to seter låg ikkje forholda heilt til rette for familieturar. Tanken om å selje bilen lurte nok i bakgrunnen, men vart aldri ein realitet.  Borna vaks etterkvart ut av bleiane og eldstemann begynte å interessere seg for bilen under presenningen bakerst i garasjen.  Ein dag sa han: «Du pappa i år må vi ta ut MGB’en og starte han, for hvis han står fleire år no, får vi kanskje aldri start på han….»

Dette såg han alvorleg på, så her var det berre å børste av støvet, få den ut i dagslyset og gjennom EU kontrollen før det var for seint!  Dette er no 2-3 år sidan og bilen fekk eit nytt bruksområde, nemleg «Gutaturar» .  Karane i familien brukar no bilen så ofte kvinnfolka tillet det for å reise på løp og treff med og utan Combicamp på slep. Kanskje kan jentene etter kvart fatte interesse for å bruke bilen på jenteturar?

Til dei som lurer på å kjøpe sportsbil utan å ruinere familieøkonomien hverken på kjøpet eller vedlikehaldet vil eg seie:  Sats på ein MG MGB. Betre sportsbil finns etter min meining ikkje.                             



MGB var til i ei tid då ungdomsopprøret på 60-talet var under oppsegling. BMC ville gjerne appelere til det unge, opprørske publikumet, noko som gjekk att i fleire av slagorda som var nytta i marknadsføringa av bilen. Kanskje kom dette tydlegast fram i slagordet:

«MGB – Your mother would not like it!»


Kommentarer